 |
 |
 |
 |
| |
|
 |
 |

 |
|
Den industrielle revolusjonen førte til at maskinar erstatta
muskelkraft, og at vareproduksjonen flytta frå heimane til fabrikkane. Masseproduksjonen
førte til meir arbeidsdeling og spesialisering.
Folketalet auka på 1700- og 1800-talet, og det skapte behov for større
matproduksjon. Jordutskiftingar, vekselbruk og modernisering av arbeidet i landbruket
førte til større avkastning. Endringane i landbruket skaffa mat
til industriarbeidarane i byane.
Den industrielle revolusjonen byrja da nye spinne- og vevemaskinar vart tekne
i bruk for å dekkje etterspurnaden etter billige klede til den raskt veksande
folkemengda. Da dampmaskinen gjorde inntog i industri og transport, auka vareproduksjonen
og omsetninga.
Storbritannia hadde gode føresetnader for industriutvikling: teknologi,
arbeidskraft, råvarer, marknad og transport. Snart vart Storbritannia ein
global verkstad for tekstilvarer, kol og jern. Kina og India hadde mange føresetnader
for å utvikle eit industrisamfunn, men makthavarane såg seg ikkje
tente med ei utvikling som rikka ved maktposisjonane deira.
Industrisamfunnet førte med seg overfolka byar med miljøproblem,
dårlege hygieniske forhold og harde og lange arbeidsdagar i fabrikkane.
Barnearbeid var vanleg. Barn var billig arbeidskraft, og foreldra trong inntektene.
Arbeidsmarknaden var sterkt kjønnsdelt. Kvinnene var i fleirtal i tekstilindustrien,
medan mennene var i fleirtal i verkstader, tungindustrien og transport. Kvinnene
tente om lag halvparten av det mennene tente.
Middelklassen og arbeidarklassen voks sterkt. Mange arbeidarar drøymde
om eit betre og meir rettferdig samfunn, og nokre av dei slutta seg til sosialistiske
rørsler, medan det øvre borgarskapet og den nye middelklassen hadde
sans for dei ideane Adam Smith la fram om økonomisk liberalisme. Idealet
var ein stat som heldt seg unna det økonomiske livet, og der marknadsmekanismen
fekk utfalde seg fritt.
Historikarane gir ulike svar når vi spør om den industrielle revolusjonen
førte til betre levekår for folk flest, men jamført med det
gamle bondesamfunnet fekk folk høgare levestandard. Samtidig vart miljøskadane
større, og forbruket av ikkje-fornybare ressursar auka kraftig. Den industrielle
revolusjonen skapte også raskt ei økonomisk og materiell kløft
mellom dei vestlege landa og andre verdsdelar.
NETTRESSURSER
The Second Industrial Revolution
http://www.fordham.edu/halsall/mod/modsbook35.html
© Internet Modern history Sourcebook, Paul Halsall
Enlightment
http://www.fordham.edu/halsall/mod/modsbook10.html
© Internet Modern History Sourcebook
British Agricultural Revolution
http://www.nationmaster.com/encyclopedia/British-Agricultural-Revolution
© Natiomaster.com
Chartistbevægelsen
http://www.leksikon.org/html/dk/chartistbevegelsen.htm
© Leksikon for det 21. århundrede
Scientific Revolution
http://www.fordham.edu/halsall/mod/modsbook09.html
©Internet Modern History Sourcebook
Liberalism
http://www.fordham.edu/halsall/mod/modsbook18.html
© Internet Modern History Sourcebook, Paul Halsall
The Industrial Revolution
http://britishhistory.about.com/cs/industrialrev/
© The History Network
|
|
|

|
 |