Samandrag Bokmål
Danmark-Noreg klarte lenge å halde seg utanfor Napoleonskrigane, men etter at britiske krigsskip gjekk til åtak på København i 1807 og tok den dansk-norske flåten med seg, kom rika med i krigen på fransk side. Dermed sperra britiske krigsskip norskekysten, og sambandet mellom Danmark og Noreg vart brote. Kongen nemnde opp ein regjeringskommisjon i Noreg, men på grunn av blokaden fekk ikkje landet nok tilførsel av korn. Resultatet vart kriseår med nød og svolt.

I 1809 tapte Sverige Finland til Russland. Da svenskane i 1810 valde ein fransk fyrste som kronprins, var målet enda ein gong å stå fram som nordisk stormakt. Kronprins Karl Johan vende seg straks mot Noreg, gjorde ein mislykka freistnad på å få støtte frå Napoleon og allierte seg deretter med fiendane til Frankrike, som lova at han skulle få Noreg. Etter at Napoleon hadde lide nederlag i 1813, gjekk Karl Johan mot Danmark og pressa kong Fredrik 6. til å godta ein fredsavtale, Kieltraktaten, der Noreg vart avstått til kongen av Sverige.

På denne tida var den danske arveprinsen Kristian Fredrik statthaldar i Noreg. Da Kieltraktaten vart kjend, stilte han seg i spissen for ei norsk sjølvstendereising. Våren 1814 valde norske menn representantar til ei grunnlovgivande forsamling. Ved vala måtte alle gjere ein folkeeid til støtte for norsk sjølvstende.

Riksforsamlinga på Eidsvoll la folkesuverenitetsprinsippet til grunn for arbeidet med Grunnlova. Makta vart delt mellom den lovgivande (Stortinget), den utøvande (regjeringa) og den dømmande makta (domstolane). Grunnlova gav ein firedel av dei mannlege innbyggjarane over 25 år rett til å røyste ved stortingsval. 17. mai 1814 vedtok riksforsamlinga samrøystes Grunnlova, og forsamlinga valde samtidig Kristian Fredrik til norsk konge.

Sommaren 1814 rykte svenske soldatar over grensa mot Noreg, men dei norske styrkane trekte seg tilbake. Heile felttoget varte berre to veker før det vart våpenkvile (Mossekonvensjonen). Kristian Fredrik måtte reise frå landet, men Karl Johan godtok Eidsvollsgrunnlova som forhandlingsgrunnlag.

Det ekstraordinære stortinget som sat saman hausten 1814, reviderte Eidsvollsgrunnlova. Den lovgivande forsamlinga styrkte posisjonen sin i forhold til kongen, og statsrådet (regjeringa) fekk ei meir uavhengig stilling. Den reviderte Grunnlova frå hausten 1814 er det vanleg å kalle novembergrunnlova, og 4. november valde stortingsmennene Karl 13. til norsk konge. Han var den tredje kongen Noreg hadde hatt dette året.



NETTRESSURSER

Historiske kildetekster omkring Norge i 1814
http://historie.cappelen.no/fagforum/eftedal1.html
© Audun Eftedal


Henrik Wergeland: Samlede skrifter
http://www.dokpro.uio.no/wergeland/innhold.html
© Kilde: Dokumentasjonsprosjektet. Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, Universitetet i Trondheim og Universitetet i Tromsø


Gjeldende grunnlov i Norge
http://norgeslexi.com/politikk/Grunnloven/naagjeldende%20grunnlov.html
© Norgeslexi.com


17. mai-grunnloven av 1814
http://norgeslexi.com/politikk/Grunnloven/17mai1814.html
© Norgeslexi.com


Eidsvoll 1814
http://www.museumsnett.no/eidsvoll-1814/
© Rikspolitisk senter.



 

Norge: Enevoldstiden
Norge: 1814 - En ny norsk stat blir til
Norge: Mot en ny tid

Oppgaver:
Flervalgsoppgave:
1814 - En ny norsk stat blir til
Nettoppgave:
Tiden før og etter riksforsamlingen på Eidsvoll
Nettoppgave:
Riksforsamlingen i 1814
Nettoppgave:
Jødeparagrafen
Kildeoppgave:
Danmark og England i krig
Kildeoppgave:
Blokade, kaperfart og fangenskap
Kildeoppgave:
Norge under nødsårene
Kildeoppgave:
Kieltraktaten
Kildeoppgave:
Prinsen og edsavleggelsen
Kildeoppgave:
Konstitusjonskomiteens elleve grunnsetninger
Kildeoppgave:
Eidsvollgrunnloven
Kildeoppgave:
Debatt om Grunnloven
Kildeoppgave:
Konvensjonen i Moss

 Repetisjonsspørsmål

 Internett og kildekritikk
 Læreplanen
 Fagforum
 Debatt
 Historie hovedside
 Rettigheter
 
Søk i CapLex etter:  
 
Ansvarlig for disse sidene: J.W. Cappelens Forlag AS.
Tilbakemeldinger: historie@cappelen.no

Nettsidene til Historie 1 og 2 er utviklet med støtte fra Læringssenteret.