Samandrag Bokmål
Tusenårsperioden mellom ca. 500 e.Kr. og 1500 blir kalla mellomalderen. Namnet vart skapt på 1400-talet av menneske i Italia som syntest at deira eiga tid var den beste etter antikken.

Da Romarriket gjekk i oppløysing i vest, tok kyrkja over mange oppgåver som tenestemennene til keisaren hadde hatt før. I tillegg fekk biskopen av Roma, som kalla seg pave, ei leiarstilling mellom anna fordi ingen byar i vest kunne måle seg med den byen der Peter hadde lide martyrdøden. Det var pave Gregor 1. som for alvor bygde ut pavemakta på slutten av 500-talet. Han ordna det slik at inntektene til kyrkja frå dei store landeigedommane vart sende til Roma, han styrkte klosterordninga og sende misjonærar til England. På 800-talet byrja kyrkjestriden mellom aust og vest som enda med den endelege splittinga mellom vestkyrkja (den romersk-katolske kyrkja) og austkyrkja (den gresk-ortodokse kyrkja).

Det germanske frankarriket, som voks fram i den romerske provinsen Gallia, hadde glanstida si under kong Karl den store. Av religiøse og maktpolitiske grunnar allierte han seg med paven og vart krona til keisar i Roma i år 800. No var keisarriket i vest atterreist, og berre keisaren i Konstantinopel kunne måle seg med Karl.

I tidleg mellomalder overlét bøndene mykje jord til stormenn som lova å verne dei. Dei måtte utføre pliktarbeid for godsherren og betale leige for jorda dei dyrka. Slike liveigne bønder budde som regel i landsbyar, og dei mista etter kvart den personlege fridommen sin. Ved hjelp av inntektene frå godsa rusta godsherrane ut krigarar til hest og stilte dei til rådvelde for kongen. Stormenn som gav frå seg slike riddarar til kongsteneste, vart kalla vasallar, og dei fekk inntekter frå kongelege jordegods (len). Denne ordninga blir kalla føydalsystemet.

Kyrkja var ein del av føydalsystemet, og det vart tydeleg demonstrert under krosstoga, da kristne riddarhærar kjempa mot muslimane om herredømmet i Palestina. Pavar og fyrstar låg stadig i konflikt om styringa av kyrkja. Konflikten nådde eit høgdepunkt på 1000- og 1100-talet under investiturstriden, som dreia seg om retten til å velje biskopar.
I høgmellomalderen vart store område lagde under plogen, jordbruksproduksjonen auka, og folketalet steig. Det vart også grunnlagt tusenvis av byar, og ein ny samfunnsklasse, borgarskapet, voks fram. I det same tidsrommet vart det kongelege styringssystemet styrkt, og dei geistlege, adelen og borgarskapet vart trekte inn i statsstyret.

På 1300-talet vart det ein ubalanse mellom folketalet og tilgangen på mat. Da fleire pestepidemiar herja i Europa, var derfor folk flest lite motstandskraftige, og fram til 1450 vart folketalet sterkt redusert. Folketapet skapte eit overskott på jord og mangel på arbeidskraft. Denne utviklinga kom bøndene i Vest-Europa til gode fordi leigeavgiftene gjekk ned og lønningane auka, og mange slapp unna pliktarbeid på jorda til godsherren. I Aust-Europa derimot klarte adelen å styrkje herredømmet over bøndene, slik at mange vart ufrie leiglendingar.




NETTRESSURSER

Medieval History
http://historymedren.about.com/
© The History Net


Vår interaktive middelalder: Sherborne-messeboka
http://www.dagbladet.no/magasinet/2002/08/13/345935.html
© British Library


The Battle of Hastings (spill)
http://www.bbc.co.uk/history/lj/conquestlj/battle_entry2.shtml?site=history_howtodolj_unpicking
© BBC


Anglo-Saxons
http://www.bbc.co.uk/history/ancient/anglo_saxons/index.shtml
© BBC


Norman Conquest
http://www.bbc.co.uk/history/war/normans/index.shtml
© BBC


Vikings
http://www.bbc.co.uk/history/ancient/vikings/index.shtml
© BBC


NetSerf: Middelalderressurser
http://www.netserf.org/
© 1995 - 2001 by Beau A.C. Harbin


The Labyrinth: Resources for Medieval Studies
http://labyrinth.georgetown.edu/
© Georgetown University, USA


Internet Medieval Sourcebook
http://www.fordham.edu/halsall/sbook.html
© Paul Halsall


Magna Carta
http://www.bl.uk/collections/treasures/magna.html
© The British Library


Ny forskning om svartedauden
http://www.forskning.no/Artikler/2004/juli/1090833676.68
© forskning.no



 

Verden: Islam
Verden: Europa i middelalderen
Verden: Renessanse og reformasjon

Oppgaver:
Flervalgsoppgave:
Europa i middelalderen
Nettoppgave:
Karl den store, frankerriket og føydalismen
Nettoppgave:
Livet i middelalderen
Nettoppgave:
Bayeux-teppet og slaget ved Hastings
Nettoppgave:
Striden mellom pave og keiser
Nettoppgave:
Korstogene
Nettoppgave:
Svartedauden
Kildeoppgave:
Keiser Henrik 4. til Gregor 7., mars 1076
Kildeoppgave:
Benedikt av Nursias munkeregel for klosteret Monte Cassino
Kildeoppgave:
Korstogene
Kildeoppgave:
Et lensbrev fra 1172
Kildeoppgave:
Legeråd fra middelalderen

 Repetisjonsspørsmål

 Internett og kildekritikk
 Læreplanen
 Fagforum
 Debatt
 Historie hovedside
 Rettigheter
 
Søk i CapLex etter:  
 
Ansvarlig for disse sidene: J.W. Cappelens Forlag AS.
Tilbakemeldinger: historie@cappelen.no

Nettsidene til Historie 1 og 2 er utviklet med støtte fra Læringssenteret.