 |
 |
 |
 |
| |
|
 |
 |

 |
|
Etter fredsoptimismen i 1920-åra vart det neste tiåret
prega av internasjonale konfliktar. I 1931 okkuperte Japan den kinesiske provinsen
Mandsjuria, og frå 1937 var det full krig mellom Japan og Kina. To år
tidlegare hadde det fascistiske Italia byrja ein krig mot Etiopia, som vart italiensk
koloni.
Da Hitler kom til makta i 1933, trassa han Versaillestraktaten og rusta opp, og
i 1936 marsjerte tyske troppar inn i Rhinland. Same året tok Italia og Tyskland
parti for dei fascistiske opprørarane i den spanske borgarkrigen. Sovjetunionen
støtta den republikanske regjeringa, medan Frankrike og Storbritannia var
nøytrale. Krigen enda med siger for dei spanske fascistane. Dermed hadde
tryggingssystemet som var bygd opp etter den første verdskrigen, brote
saman. Folkesambandet hadde korkje klart å stoppe japansk og italiensk imperialisme
eller fascismen og nazismen i Europa.
I 1938 vart Austerrike innlemma i Tyskland, og Storbritannia og Frankrike lét
seg presse til å la Tyskland ta over det tsjekkiske Sudet-området.
Ved å kome Hitler i møte vona dei å hindre ein ny krig, men
samtidig garanterte dei tryggleik for Polen. Da det ikkje lykkast å skape
ein allianse mellom Sovjetunionen og vestmaktene, valde Stalin i august 1939 å
gjere ei pakt med Hitler. Dei vart samde om å dele Polen og la Sovjetunionen
ta over dei baltiske statane og Bessarabia. I september same året tok Tyskland
den vestlege delen av Polen i ein "lynkrig", medan sovjetiske troppar
hærsette resten av landet. Storbritannia og Frankrike svara med å
gå til krig mot Tyskland.
I november 1939 gjekk Stalin til krig mot Finland. Finnane gjorde hard motstand,
men dei måtte gå med på ein fredsavtale i mars 1940, der dei
måtte gi frå seg strategisk viktige område. Den finske vinterkrigen
fekk vestmaktene til å planleggje militære operasjonar i Norden, og
i april 1940 la britane ut miner ved norskekysten. Også Tyskland ville utvide
krigen nordover og gjekk til åtak på Danmark og Noreg 9. april 1940.
Danskane kapitulerte straks, medan nokre norske avdelingar gjorde motstand til
byrjinga av juni.
Den norske nazileiaren Vidkun Quisling tok regjeringsmakta på eige initiativ
da Nygaardsvold-regjeringa, Stortinget og kongefamilien rømde frå
Oslo. Hitler støtta statskuppet til Quisling, og det medverka sterkt til
at Nygaardsvold-regjeringa valde å ta opp kampen. Denne regjeringa fekk
militær hjelp frå Storbritannia og Frankrike, men tyskarane var overlegne.
I byrjinga av juni 1940 vart dei allierte styrkane trekte ut av Noreg etter at
Tyskland hadde slått til mot Beneluxlanda og Frankrike.
Etter at kampane i Nord-Noreg var slutt i juni1940, drog regjeringa Nygaardsvold
og kongefamilien til Storbritannia. Derifrå kjempa dei vidare mot Hitler-Tyskland
ved hjelp av handelsflåten og nye militære avdelingar.
Den britiske militære fiaskoen i Noreg førte til regjeringsskifte
i Storbritannia, og Winston Churchill tok over som statsminister. I juni 1940
kapitulerte Frankrike, og året etter prøvde Hitler å bombe
Storbritannia i kne utan å lykkast. Våren 1941 tok tyske troppar kontroll
over Balkanhalvøya, og i juni same året gjekk Hitler til krig mot
Sovjetunionen. I desember 1941 vart USA trekt inn i krigen, da japanarane gjekk
til åtak på marinebasen Pearl Harbor. Samtidig erklærte Tyskland
krig mot USA. Kring årsskiftet 1942-1943 kom vendepunktet i verdskrigen.
Tyskarane vart slått tilbake ved Stalingrad og i Nord-Afrika, og den amerikanske
marinen fekk eit overtak i Stillehavet.
Verdskrigen gjekk inn i sluttfasen da dei allierte invaderte Italia i 1943, og
6. juni 1944 kom invasjonen i Normandie. Sovjetunionen dreiv tyskarane ut av Aust-Europa,
og da Den raude armeen rykte inn i Berlin i april 1945, tok Hitler livet av seg.
8. mai 1945 var krigen over i Europa. Japanarane gav opp 14. august, etter at
USA hadde teke i bruk atomvåpen i Hiroshima og Nagasaki.
Den tyske og japanske krigføringa hadde sterke rasistiske trekk. Nazistane
utrydda over seks millionar jødar og gjekk særleg hardt fram mot
sigøynarar og den slaviske folkesetnaden i Aust-Europa. Japanarane for
fram som eit herrefolk i Asia og brukte rå makt mot dei okkuperte - framfor
alt i Kina. Også den vestallierte krigføringa gjekk ut over sivile,
og både tyske og japanske byar vart terrorbomba for å knekkje moralen
hos folk.
I Noreg prøvde tyskarane å innføre ei nazistisk samfunnsordning
med støtte av Quisling og Nasjonal Samling. Dei mislykkast, fordi det vart
reist ei brei motstandsrørsle med representantar for idretten, kyrkja,
skolen og store yrkesorganisasjonar som motarbeidde nazifiseringa med sivile aksjonar.
Først mot slutten av krigen vart den militære delen av motstanden
den viktigaste. Dei tyske okkupantane hadde stor nytte av norske råvarer
og fiskeressursar og bygde fleire fly- og flåtebasar som spela ei viktig
rolle i slaget om Atlanterhavet og i krigen mot Sovjetunionen. I mai 1945 la tyskarane
ned våpna i Noreg etter først å ha rasert Troms og Finnmark.
Etter frigjeringa vart det oppretta internasjonale domstolar som dømde
fleire tyske og japanske leiarar for krigsbrottsverk. Samtidig vart mange nordmenn
som hadde samarbeidd med tyskarane og NS, etterforska og straffa i eit eige rettsoppgjer.
Sommaren 1945 vart det skipa ein ny verdsorganisasjon, Dei sameinte nasjonane,
som skulle skape fred og sikre menneskerettar for alle menneska på jorda.
NETTRESSURSER
En verden i flammer (dansk lenkesamling)
http://members.tripod.com/ww2links/menu.htm
© Hans Henrik Hansen
Modern World History: Nazi Germany
http://www.bbc.co.uk/education/modern/nazi/nazihtm.htm
© BBC
Levande historia - et informationsprojekt kring Förintelsen
http://www.levandehistoria.org/infowebb/default.htm
©Informationsprojektet Levande Historia, Stockholm
Modern World history: Axis Success
http://www.bbc.co.uk/education/modern/axis/axishtm.htm
© BBC
Modern World History: The Road to War
http://www.bbc.co.uk/education/modern/roadwar/roadwhtm.htm
© BBC
Modern World History: Allied Victory
http://www.bbc.co.uk/education/modern/allied/alliehtm.htm
© BBC
Anden verdenskrig
http://www.leksikon.org/html/dk/anden_verdenskrig.htm
© Leksikon for det 21. århundrede
Andre verdenskrig i Norge
http://www.overhalla.kommune.no/take_this/dok/obus810/Norge.htm
© Overhalla kommune
Holocaust uddannelse
http://www.holocaust-uddannelse.dk
© The Danish Center for Holocaust and Genocide Studies
Besættelsen 1940-45, Norge
http://www.leksikon.org/html/dk/okkupationen_194045.htm
© Leksikon for det 21. århundrede
Utstillingen på Norges Hjemmefrontmuseum
http://www.mil.no/felles/nhm/start/Utstillingen/
© Norges Hjemmefrontmuseum
Angrepet på Norge
http://home.online.no/~hpersett/torhelge/angrepet/frames.htm
© Tor-Helge Persett, Jostein Øysæd og Tore Melangen Havn
Krigsavisene
http://www.krigsavisene.com/index.htm
© Erik Scobie, Krigsavisene
Norge under andre verdenskrig
http://www.nuav.net/
© Kurt Monsen
Kommunistenes historie i Norge
http://www.nkp.no/historie/
© Norges kommunistiske parti
Women's History: World War II
http://womenshistory.about.com/cs/warwwii/
© The History Network
Feldgrau.com - om de tyske væpnede styrker 1918-1945
http://www.feldgrau.com/index.html
© Jason Pipes
Krigstrykksamlingen
http://www.nb.no/baser/krigstrykk/
© Nasjonalbibliotekets databasetjenester
D-dagen: Hør engelske soldaters beretninger
http://www.bbc.co.uk/history/war/wwtwo/dday_audio.shtml
© BBC
Det nasjonalsosialistiske historiesynet
http://historie.cappelen.no/fagforum/eftedal2.html
© Audun Eftedal/Cappelen
Adolf Hitler
http://history1900s.about.com/cs/hitleradolf/
© The History Net
World War II : Documents
http://www.yale.edu/lawweb/avalon/wwii/wwii.htm
©The Avalon Project at Yale Law School
2. verdenskrig
http://www2001101.thinkquest.dk/1024/dansk/index.html
© Klaus Münster, Michael Styrk og Henrik Brink
Lenker: andre verdenskrig
http://kvasir.sol.no/c/soc/hist/ww2/
© Yahoo!
NORDIKI. Norske digitale kilder 1940-45
http://www.nordiki.no/foto01.htm
©
The home front
http://www.bbc.co.uk/history/lj/warslj/home_01.shtml
© Peter Caddick-Adams, BBC
Battle of Britain
http://www.bbc.co.uk/history/war/wwtwo/battles/battleofbritain/battleofbritain_1.shtml
© BBC
World War II
http://www.ibiscom.com/w2frm.htm
© Eye Witness/Ibis Communications, Inc.
World War II
http://www.fordham.edu/halsall/mod/modsbook45.html
© Internet Modern History Sourcebook, Paul Halsall
Koncentrationslejr
http://www.leksikon.org/html/dk/koncentrationslejr.htm
© Leksikon for det 21. århundrede
Pearl Harbor
http://history1900s.about.com/cs/pearlharbor/
© The History Net
Aftenposten: Norge i krig
http://www.aftenposten.no/fakta/verdenskrig/
©
Battle of Stalingrad
http://history1900s.about.com/cs/stalingrad/index.htm
© The History Net
Holocaust
http://www.fordham.edu/halsall/mod/modsbook44.html
© Internet Modern History Sourcebook, Paul Halsall
World War Two
http://www.bbc.co.uk/history/war/wwtwo/index.shtml
© BBC
Fakta om konsentrasjonsleirer
http://www.hvitebusser.no/Webdesk/netblast/pages/index.html?id=381081
© Stiftelsen Hvite busser til Auschwitz
Norges plass i Hitlers Europa
http://www.apollon.uio.no/apollon06-95/norges.html
© Frank Meyer, Apollon
|
|
|

|
 |